AutoPASS

Det vert gjennomført innkrevjing basert på AutoPASS i tovegs heilautomatisk bomstasjon.

Automatiske bomstasjonar er merka med symbolet:                                         

                             

Bømlo bomstasjon er plassert på Spissøy i Bømlo kommune, like ved kommunegrensa til Stord.

 

I tillegg er det innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Langevåg–Buavåg (mellom Bømlo kommune og Sveio kommune).

 

Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, vil med dette betala bompengar.

Innkrevjinga starta opp 2. mai 2013. Innkrevjingsperioden vil vera 15 år.

 

For informasjon om norske AutoPASS anlegg, sjå Statens vegvesen si nettside www.autopass.no

AutoPASS - avtalar

Avtalar kan tegnast via bompengeselskapet si nettside eller ved utfylling og innlevering av avtaleskjema hos lokal servicestasjon. Avtale forutset bruk av AutoPASS-brikke. Depositum for brikken er kr. 200,-.

 

Privatperson kan registrere maksimum to kjøretøy pr. avtale. Firma kan registrere så mange kjøretøy dei ynskjer på ein avtale, forutsatt at kjøretøya er registrert på same gyldige organisasjonsnummer. Dersom ein avtale gjeld for kjøretøy i både lett og tung takstgruppe skal forskuddsbeløp betalast som for tung takstgruppe.

 

Organisering av AutoPASS

Kvart bompengeanlegg i Noreg har eit bompengeselskap som skal stå for finansieringa av vegprosjektet. Retten til å krevje inn bompengar er gitt gjennom bompengeavtalen med Statens vegvesen Vegdirektoratet.

Statens vegvesen er den utøvande myndigheit på vegne av stat og Storting. Bompengeinnkrevijnga blir regulert og forvalta via eit avtaleverk mellom Statens vegvesen og bompengeselskap, bompengeselskap og driftsoperatør og bompengeselskap og kunde.

Statens vegvesen eig AutoPASS-systemet, det vil sei den tekniske spesifikasjonen, brikkane, alt utstyr langs vegkanten og i bompengeanlegga. 

Slik fungerer bomstasjonane

Om bomstasjonane

Det finst om lag 50 bompengeanlegg i Noreg der du kan betale med AutoPASS-brikke. Alle desse bomstasjonane er merka med "AutoPASS". 

Det finst og enkelte bomstasjonar i Noreg der du ikkje kan bruke AutoPASS-brikken ved passering og der du må stoppe og betale på andre måtar. Merk at du ikkje må kjøre gjennom utan å betale i desse bomstasjonane. Det kan medføre tilleggsavgift. 

Det finst tre typar bomstasjonar med AutoPASS:

  1. Automatiske AutoPASS-stasjonar, der du ikkje skal stoppe og betale - berre kjøre rett gjennom. Dersom du ikkje har ein AutoPASS-brikke, blir det tatt bilde av bilen sitt kjennemerke og faktura blir sendt eigar av bilen utan ekstra gebyr. Passeringane blir samla i opptil 3 månader før faktura blir sendt ut.
  2. Betjente stasjonar med AutoPASS-felt, myntmaskin og bemanna bod. 
  3. Ubetjente stasjonar med AutoPASS-felt og kort-/myntmaskin.

 

 

 

Takstvedtak

Bømlo Vegselskap AS har fått godkjent takstsøknad frå Statens vegvesen.

Les meir: 

Generalforsamling 2015

Generalforsamling i Bømlo Vegselskap AS vart halden 21. mai 2015. Styreleiar er Inge Reidar Kallevåg. Dei andre styremedlemmane er Dag Helge Hellen, Siri Klokkerstuen, Per Ole Fylkesnes og Selma Karin Vestvik. Selskapet si årsmelding for 2014.

  

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset offisielt opna

Måndag 03. mars 2014 vart Rubbestadnesvegen offisielt opna av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

 
Foto: Nils Tore Sele

Fv14 Stavland - Bjødledalen offisielt opna

Ei førjulsgåve i Bømlopakken då den nye vegstrekninga mellom Stavland og Bjødledalen vart offisielt opna torsdag 12. desember 2013.

 
Foto:Simon Knutsson Sortland, Bømlo Kommune
 

Tredje snorklipp i Bomlopakken

9. mars 2012 blei strekninga Hollundsdalen - Stokkabekken, og rundkjøringa og miljøgata på Rubbestadneset høgtideleg opna.
Les meir: 

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset

Statens vegvesen har inngått avtale med Implenia AS om totalentreprise. Planlagt ferdigstilling av prosjektet er våren 2014.  

Fv 18 Goddo

Strakstiltaka på Fv 18 over Goddo blei ferdigstilt i starten av 2012.
 

Rundkjøringa Rubbestadneset



Rundkjøringa i Rubbestadneset vart ferdigstilt sommaren 2010.
Les meir

Andre snorklipp i Bømlopakken



Hollundskjosen-Hollundsdalen blei opna 21.6.2010.
Les meir

Første snorklipp i Bømlopakken



Løvegapet – Langevåg blei opna 15.8.2008
Les meir

Tidlegare artiklar