Generelle avtalevilkår:

 
 
1. Innleiande vedtak
 
1.1 Bømlo Vegselskap AS (heretter BV AS) gir Kunden rett til å nytte AutoPASS-brikka (Brikka) i alle bompenge-anlegg (Anlegg) og ferjesanbandet Flakk-Rørvik (pilotprosjekt)  tilknytt AutoPASS-avtalen (Avtalen). Brikka vert utlevert av forhandlar (Forhandlar).
 
1.2 Kunden aksepterer dei vilkåra som følgjer Avtalen.
 
1.3 Avtalen omfattar Generelle vilkår, Lokale vilkår,
Avtaleskjema og Rettleiing. Ved motstrid gjeld ovanfor nemnde rekkefølgje.
 
1.4 Kunden er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om kva for Anlegg som er tilknytt Avtalen. Informasjon kan fåast på www.autopass.no eller telefon 02012.
 
1.5 Kunden sitt bruk av Anlegg som er knytt til Avtalen, vert belasta Avtalen.
 
1.6 BV AS har rett til å belaste Avtalen for bruk av brikka i andre Anlegg knytt til Avtalen dersom Kunden ikkje har reservert seg mot dette (jf. Avtaleskjema). Vegamot AS er betalingsformidlar.
 
 
2. Avtaleperiode
 
2.1 Avtalen er gyldig frå den startdato som er angitt i Avtalen, tidlegast frå dato for BV AS sin forhandlar si underskrift.
 
2.2 Avtalen er gyldig inntil ein av partane skriftleg sier opp Avtalen eller at Brikka (ene) vert returnert.
 
 
3. Kunden sitt ansvar
 
3.1 Dei ulike typar avtalar og betalingsordningar som kan teiknast, går fram av Avtaleskjemaet. Desse samt depositum for Brikka vert fastsett av offentlege styresmakter, og går fram av separat prisoversikt. Ved bruk av Brikka i dei andre Anlegg som er omfatta av Avtalen skal det betalast gjeldande takst i det enkelte
anlegg.
 
3.2 Kunden er ansvarleg for at opplysningar som er gitt i Avtaleskjemaet er korrekte.
 
3.3 Retten til bruk av Brikka føreset rettidig betaling av krav frå BV AS.
 
3.4 Kunden kan ikkje nytte Brikka i andre motorvogner enn det som er angitt i denne Avtalen.
 
3.5 Passeringar skal skje i felt merka med AutoPASS eller felt for elektronisk lesing.
 
3.6 Montering og bruk av Brikka skal skje i høve instruksjonar gitt av BV AS.
 
3.7 Kunden skal melde ei kver endring i kjøretøydata, innan tre arbeidsdagar etter at slik endring har skjedd. Slike endringar skal imidlertid ikkje skje oftare enn kvar tredje dag.
 
3.8 Verken Avtalen eller Brikka kan overførast til andre.
 
3.9 Kunden er betalingsansvarleg for bruk av Brikka hos kvar Operatør tilknytt AutoPASS-tenesta fram til retur eller meldt tap av Brikka, uansett om han sjølv nytter eller let andre nytte Brikka.
 
 
4. BV AS sine plikter
 
4.1 Når Avtalen er akseptert skal Kunden betale depositum og motta ei Brikke, dersom Kunden ikkje har slik Brikke frå før.
 
4.2 BV AS skal tilby Kunden informasjon om AutoPASS-tenesta og bruk av denne.
 
4.3 Det blir gitt grønt lyssignal ved godkjend passering. Kvitt lys varslar godkjend passering, men at innbetalt forskot snart er oppbrukt. Ingen lys blir gitt ved ubetalt /ugyldig avtale, manglande brikke, feil på brikke eller feilaktig montering, og utløyser automatisk videofotografering. I andre automatiske bomstasjonar kan andre lyssignal forekomme
 
4.4 Dersom BV AS gjer feil ved registrering av køyretøydata kan Kunden krevje BV AS for dekking av feilaktig betalte krav.
 
 
5. Tilleggsavgift og misleghald
 
5.1 Brot på Avtalen kan medføre tilleggsavgift for Kunden.
 
5.2 Klage på tilleggsavgift skal alltid rettast skriftleg til det selskap som har sendt ut  tilleggsavgifta.
 
5.3 Dersom Kunden gir feil opplysningar om køyretøydata slik at BV AS vert påført tap, kan Kunden etterskotskrevjast for det tapet BV AS er påført.
 
5.4 BV AS har rett til å heve Avtalen dersom Kunden vesentleg mislegheld dei plikter som følgjer av Avtalen.
 
 
6. Tap, skade eller tjuveri av Brikka
 
6.1 Kunden er ansvarleg for all oppbevaring og bruk av Brikka. Ved tap, skade eller tjuveri vert ikkje depositumet refundert.
 
6.2 Kunden er ikkje betalingsansvarleg for bruk av Brikka dersom Brikka eller køyretøyet er stole. Dette føreset at Kunden ikkje var uaktsam ved oppbevaring av brikka samt at forholdet vert anmeldt.
 
 
7. Oppseiing av Avtalen
 
7.1 Kunden har til ei kvar tid rett til skriftleg å seie opp Avtalen med BV AS
 
7.2 Avtalen kan overførast til ein annen Leverandør dersom BV AS legg ned verksemda si. Melding om nedlegging vil bli gitt seinast 3 månader før.
 
7.3 Ved oppseiing vil unytta, innbetalt forskot bli refundert Kunden, i høve Lokale avtalevilkår.
 
 
8. Endringar i Avtalen
 
8.1 BV AS kan foreta mindre endringar i Avtalen. Gjeldande versjon av Avtalen finst på www.bomlopakken.no, og hos BV AS sine forhandlarar. Vesentlege endringar skal kunngjerast eller sendast skriftleg til Kunden. Nemnde endringar trer i kraft ved første etterfølgjande betaling av faktura, eventuelt trekk på Kunden sin konto hos BV AS.
 
8.2 Endringar i avtaleperioden vil berre kunne skje som følgje av politiske styresmakter sine vedtak eller andre ekstraordinære forhold utanfor BV AS sin kontroll. Slike endringar vil verte kunngjort seinast 4 veker før endringa trer i kraft. Endringar av takstar og andre prisar blir annonsert i høve vedtak gitt av Samferdsledepartementet og Statens vegvesen.
 
 
9. Personvern
 
9.1 All bruk av Brikka vil bli registrert i samband med betalingskontroll, framstilling av anonymisert statistikk, og eventuelle opplysningar til Kunden. Registreringa skjer i høve personopplysningslova.
 
9.2 Brikka kan nyttast for anonymisert datainnsamling. Dette skal utførast utan at personopplysninger vert tatt med.
 
9.3 Nærare informasjon om behandling av opplysningar om Kunden, kan fåast hos BV AS. Opplysningar om Kunden blir berre nytta til å administrere AutoPASS-tenestene. Opplysningar om Kunden kan bli utlevert til operatørar av AutoPASS-tenestene.
 
9.4 Opplysningar om kvar enkel AutoPASS-passering blir sletta så raskt som mogleg etter at fakturaen er betalt. Ved tvist om betalingsplikt, blir opplysningane tatt vare på inntil kravet er gjort opp eller rettsleg avgjort.
 
 
10. Kommunikasjon
 
10.1 Spørsmål frå Kunden til BV AS om Avtalen, Brikka m.v. skal sendast skriftleg pr. brev, telefaks eller e-post til adressa som er oppgitt på Avtaleskjemaet.
 
10.2 Med mindre anna er omtala i Avtalen skal meldingar som gjeld Avtalen mellom BV AS sendast til Kunden pr. post eller e-post til adressa oppgitt i Avtaleskjemaet. Meldingar kan også sendast med i fakturautsendingar og eventuelle purringar.
 
10.3 Reklamasjon på belastning av passeringar må framsetjast seinast 30 dagar frå det tidspunkt da Kunden fekk kunnskap om belastninga. For passeringar i utlandet må reklamasjon skje seinast 60 dagar etter passering.
Rettslege tvistar om reklamasjon skal avgjerast ved domstolen der Operatøren har sin adresse.


 

 

Takstvedtak

Bømlo Vegselskap AS har fått godkjent takstsøknad frå Statens vegvesen.

Les meir: 

Generalforsamling 2015

Generalforsamling i Bømlo Vegselskap AS vart halden 21. mai 2015. Styreleiar er Inge Reidar Kallevåg. Dei andre styremedlemmane er Dag Helge Hellen, Siri Klokkerstuen, Per Ole Fylkesnes og Selma Karin Vestvik. Selskapet si årsmelding for 2014.

  

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset offisielt opna

Måndag 03. mars 2014 vart Rubbestadnesvegen offisielt opna av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

 
Foto: Nils Tore Sele

Fv14 Stavland - Bjødledalen offisielt opna

Ei førjulsgåve i Bømlopakken då den nye vegstrekninga mellom Stavland og Bjødledalen vart offisielt opna torsdag 12. desember 2013.

 
Foto:Simon Knutsson Sortland, Bømlo Kommune
 

Tredje snorklipp i Bomlopakken

9. mars 2012 blei strekninga Hollundsdalen - Stokkabekken, og rundkjøringa og miljøgata på Rubbestadneset høgtideleg opna.
Les meir: 

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset

Statens vegvesen har inngått avtale med Implenia AS om totalentreprise. Planlagt ferdigstilling av prosjektet er våren 2014.  

Fv 18 Goddo

Strakstiltaka på Fv 18 over Goddo blei ferdigstilt i starten av 2012.
 

Rundkjøringa Rubbestadneset



Rundkjøringa i Rubbestadneset vart ferdigstilt sommaren 2010.
Les meir

Andre snorklipp i Bømlopakken



Hollundskjosen-Hollundsdalen blei opna 21.6.2010.
Les meir

Første snorklipp i Bømlopakken



Løvegapet – Langevåg blei opna 15.8.2008
Les meir

Tidlegare artiklar