Spesielle avtalevilkår:

 
 
1. Omfang av avtalen
 
1.1 Privatpersonar kan registrere maksimum to køyretøy pr. avtale. Firma kan registrere så mange biler dei ønskjer på ein avtale, dersom køyretøyet er registrert på same gyldige organisasjonsnummer. Det blir kravd éi brikke pr. bil og det må betalast kr 200 i depositum pr. brikke.
 
1.2 AutoPASS-brikka er i seg sjølv ikkje eit bevis for gyldig avtale. Betalt faktura og korrekt montert elektronisk brikke gir rett til rabatterte satsar i BV AS.
 
1.3 Det blir belasta maks 75 passeringar pr. månad pr. køyretøy som er tilknytt avtalen.
 
 
2. Faktura og avrekning
 
2.1 For firmakundar med forskotsavtale og meir enn to bilar vert forskotsinnbetaling rekna ut på følgjande måte: Éin forskotssats dekkjer to bilar i same vektklasse. Satsen følgjer vald rabatt og storleik på bil.
2.2 Ny faktura blir sendt når det er ca. 25 % att av forskotsbeløp for den rabattsats som er vald i avtaletypen.
 
 
3. Endring i avtale
 
3.1 Alle endringar i avtalen, slik som bytte/sal av bil, avtaletype eller adresse, skal meldast til selskapet innan 3 verkedagar.
 
3.2 Kunden er ansvarleg for å fjerne brikka ved sal eller avhending av køyretøyet. Brikka kan da overførast til nytt kyøretøy eller returnerast bompengeselskapet for oppseiing av avtale.
 
 
4. Refusjonar
 
4.1 Attståande beløp av innbetalt forskot blir refundert ved oppseiing av avtale. Depositum for uskadd AutoPASS-brikke blir refundert. Dersom kontonummer ikkje er oppgitt i avtalen, vil beløpet gå til den konto som forskotsbeløpet sist blei betalt frå. Beløp under kr 50 vert ikkje refundert.
 
 
5. Lyssignal
 
5.1 Manglande lys kan skuldast at avrekningssaldo er null. Saldo blir oppgitt på www.bomlopakken.no. Ved feil på brikka må BV AS v/Vegamot AS kontaktast.
 
 
6. Fritak
 
6.1 El-bilar, Hydrogenbilar, Utrykkingskøyretøy og bussar i konsesjonert rute har fritak for passeringar i bomstasjonen. Køyretøya må ha AutoPASS-avtale og vere utstyrt med brikke.
 
 
7. Takster
 
7.1 Kunden sin saldo blir belasta med den pris som gjeld til ei kvar tid.
 
7.2 Gjeldande takstar for BV prosjektet finnst på www.bomlopakken.no
 


 

 

Takstvedtak

Bømlo Vegselskap AS har fått godkjent takstsøknad frå Statens vegvesen.

Les meir: 

Generalforsamling 2015

Generalforsamling i Bømlo Vegselskap AS vart halden 21. mai 2015. Styreleiar er Inge Reidar Kallevåg. Dei andre styremedlemmane er Dag Helge Hellen, Siri Klokkerstuen, Per Ole Fylkesnes og Selma Karin Vestvik. Selskapet si årsmelding for 2014.

  

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset offisielt opna

Måndag 03. mars 2014 vart Rubbestadnesvegen offisielt opna av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

 
Foto: Nils Tore Sele

Fv14 Stavland - Bjødledalen offisielt opna

Ei førjulsgåve i Bømlopakken då den nye vegstrekninga mellom Stavland og Bjødledalen vart offisielt opna torsdag 12. desember 2013.

 
Foto:Simon Knutsson Sortland, Bømlo Kommune
 

Tredje snorklipp i Bomlopakken

9. mars 2012 blei strekninga Hollundsdalen - Stokkabekken, og rundkjøringa og miljøgata på Rubbestadneset høgtideleg opna.
Les meir: 

Fv 541 Stokkabekken - Rubbestadneset

Statens vegvesen har inngått avtale med Implenia AS om totalentreprise. Planlagt ferdigstilling av prosjektet er våren 2014.  

Fv 18 Goddo

Strakstiltaka på Fv 18 over Goddo blei ferdigstilt i starten av 2012.
 

Rundkjøringa Rubbestadneset



Rundkjøringa i Rubbestadneset vart ferdigstilt sommaren 2010.
Les meir

Andre snorklipp i Bømlopakken



Hollundskjosen-Hollundsdalen blei opna 21.6.2010.
Les meir

Første snorklipp i Bømlopakken



Løvegapet – Langevåg blei opna 15.8.2008
Les meir

Tidlegare artiklar